Hardanger fekk besøk frå Slovenia og Croatia i eit prosjekt som handlar om Siderkultur. Målet er å fremja næring og utvikling i distikta med bakrunn i kultur og tradisjon for framtidretta næring.
Dette ser me skjer med sider i Hardanger i dag. Via dette prosjektet er det blandt anna sett fokus på smak og me er iferd med å etablra eit smakspanel i Hardanger, lokalisert på NIBIO Ullensvang på Lofthus.
Dette var første møte igruppa, sjølv om prosjektet no har pågått i fleire år. Eit anna mål er å dela erfarngar og læra av kvarandre, noko som er mykje lettare når ein kjenner kvaranre.
Det var viktige og gode dagar i Øystese og Hardanger. På seminar disuketere me nostitasjon i Hardanger, fekk resultat av forsking og såg på moglegheiter i framtida.
Fredag var det synfaring, me besøkte fleire sidergardar og sjølvsag NIBIO. Lørdag Siderfestival i Øystese!
Gjestene våre var imponert over smarbeid, kor fruktbart område er og den veldig gode sideren. Også veldig spennande å få smaka dei gode siderane med fantastisk mat basert på lokale råvarer, som det vart diska opp med på Spildegarden og på Hardangerfjord Hotel.
Om eit par veker er det Norsk siderfestival i Bergen. Har du lyst til å lære meir om sider, oppleva nye smakar og ha det kjekt, anbefalar me
Norsk siderfestival i Bergen 10.-12.11.2022