Hardangerrådet

MILJØFYRTÅRN I HARDANGER

Hardanger Miljøfyrtårnregion.
Hardangerrådet og kommunane/herada i regionen har gått saman om å etablera ei felles regional Miljøfyrtårnordning. Det betyr at kvar kommune har eigen kontaktperson (spør på tenestetorget) og at Hardangerrådet har ansvaret for sertifieringa. 


Kva er dette?
Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning retta mot privat og offentlig sektor, særleg med vekt på små og mellomstore verksemder. Tiltaka er konkrete og målbare, og skal vera lønsame for den enkelte verksemd.

Ei Miljøfyrtårn-sertifisering hjelper verksemda di med å skapa en miljøvennleg drift og gje ein tydeleg og dokumentert miljøprofil.
Saman med ein godkjent konsulent utfører verksemda ein miljøanalyse og lagar ein handlingsplan for å innfri Miljøfyrtårn sine bransjekrav. Miljøanalysen tar for seg følgjande miljøtema: Internkontroll HMS, arbeidsmiljø, energibruk, innkjøp og materialbruk, avfalls- og utslippshandtering, transport og klimarekneskap.

For meir informasjon: www.miljofyrtararn.no