Flytt-Til-Hardanger

OM PROSJEKTET

Flytt til Hardanger – attraktive bukommunar

Prosjektperiode: Jan 2011 – Jan 2015. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hardangerrådet, fylkeskommunen og dei 7 kommunane i Hardanger


Visjonen:
Hardanger skal vera ein utviklande region med fokus på tilflytting, trivnad og regionalt samarbeid. Hardanger skal ha attraktive bukommunar.

Hovudmål:
Hovudmålet er å gjera Hardangerkommunane til attraktive bukommunar. Godt og varierte bustadtilbod, møtestadar og eit inkluderande lokalsamfunn skal vera kjenneteikn ved Hardangerkommunane. FTH skal ilag med kommunane rekruttera tilflyttarar med et føremål å auka folketalet.

Prosjektet har 3 strategiar:
1. Attraktive bukommunar: 1. Bustad: Sikre variert og tilstrekkeleg utval, 2. Norskkurs: Tilgang og nivå, 3. Skaffa informasjon om tilflyttarar, 4. Sosiale møtestadar: Inkludera, 5. Omdømearbeid: kommune / region, 6. Førsteline – tenestetorg, 7. Gode rutinar for tilflytting, 8. Ja, det ordnar me

2. Involvering og informasjon: 1. Heimeside: www.flyttilhardanger.no , 2. Temasamling: Bustadkonferanse, 3. Informasjon til råd og utval: HR, RF, HN, kommune-/heradsstyre, administrasjon, 4. Kontakt med media, 5. Informasjon etter førespurnad, 6. Møteplass Hardanger

3. Marknadsføring og rekruttering av tilflyttarar: Eiga gruppe vil bli oppretta i 2012. Målgrupper: Utflytta hardingar og utanlandske tilflyttarar, personar i etableringsfase, 25 – 45 år. Det vil bli utarbeidd eigen marknadsplan som skal godkjennast des. 2012.
Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet som har ansvar for overordna planverk, økonomi og gjennomføring.
Styringsgruppa består av:
Prosjektansvarleg: Dagleg leiar i Hardangerrådet, 1 fylkeskommune, 1 Hardanger Næringsråd, 7 rådmenn og 1 ungdom.

Arbeidet skal organiserast gjennom 4 grupper: Kommunegruppe, marknadsføringsgruppe, bustadgruppe og språkopplæringsgruppe.

Det er pårekna ein betydeleg eigeninnsats frå kommunane i denne prosjektfasen, og det er gjort heradsstyrevedtak i alle sju kommunane/herada om at det skal setjast av 40 % stillingsressurs til å arbeida med Flytt til Hardanger-prosjektet. Vidare er fylgjande moment identifisert som viktige arbeidsområde for kommunane: Utarbeiding og gjennomføring av bustadplan på lokalt og regionalt nivå, bruk av heimeside til FTH for å publisera ledige hus og stillingar, sosiale møtestader for innbyggjarar, språkopplæring, innarbeida omgrepet ”Ja, det ordnar me” i organisasjonen, støtta samfunnsentreprenørar, dvs tilrettelegging for eldsjeler og etablerarar, mål om å bli næringsvennlege kommunar med rask sakshandsamingstid og tilgjengeleg areal/ bygningar til næringsføremål, fokus på ungdomsråd, fokus på å gjera oppvekstvilkåra/miljøet til det ”aller beste”, dvs prioritering av kvalitet i barnehage- og grunnskuletilbod og at ein har eit regionalt fokus på utviklingsarbeidet i kommunen.

Gjennom samarbeid med Husbanken skal prosjektet utføra ei analyse av bustadmarknaden og utarbeida ein regional bustadoversikt. Prosjektet skal òg utarbeida ei analyse av kven som har flytta til regionen siste 3 år og korleis denne prosessen har vore. Vidare vil ein forsøka å identifisera viktige faktorar for å bli buande i regionen. Dette analysearbeidet vil gje verdifull informasjon om viktige faktorar i arbeidet med å skapa attraktive bukommunar.

Auke i utpendling frå regionen viser at den funksjonelle arbeidsmarknadsregionen blir større, og at det er fleire som kombinerer arbeidsplass utanfor regionen med bustad innafor regionen.
Når det gjeld flyttemotiv er det ikkje berre arbeid som er avgjerande, sjølv om det er blant dei viktigaste flyttemotiva. Utdanning, nærleik til familien, tryggleik og kven me vil vera som menneske er viktige i vurderinga av flytting. Staden me bur på er ein del av vår identitet.

I tillegg viser det seg at nærleik til natur kjem høgt opp i norske studier, spesielt i samanheng med flytting til rurale strøk. Kjetil Sørlie, forskar ved NIBR, påpeikar at flyttemotivet vert endra i samanheng med ulike livsfasar. Skular og oppvekstmiljø er viktigare enn tilgang til kafear og uteplassar viss du er i familiefasen.

Me vil nytta oss av det gode arbeidet som vart gjort i førre fase i marknadsføringsgruppa og ta med oss nøkkelorda: Lukka, friluft og tryggleik inn i det viktige rekrutteringsarbeidet me skal gjennomføra i siste del av prosjektet. Og med eit slagord som lyder ”Ja, det ordna me!”, skal me i prosjektet arbeida jamt og trutt med von om ei fortsatt god utvikling i Hardanger.

Med beste helsing
Anette T Hjeltnes
Prosjektleiar
Flytt til Hardanger
Telefon: 99 00 57 90
Epost: anette@flyttilhardanger.no
www.flyttilhardanger.no
 

Last ned dokument