Administrasjonssenteret er tettstaden Ulvik. Ulvik er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Viktige næringsvegar er jordbruk, med hovudvekt på frukt- og bærdyrking og saue- og storfehald, og turisme.
Heradet grensar i sør til Eidfjord, i sørvest til Ullensvang, i vest til Voss, i nord til Aurland i Sogn og Fjordane og i aust til Hol i Buskerud.
Ulvik er eit fjord- og fjellherad. Det meste av busetnaden ligg ved Ulvikfjorden og Osafjorden, to sidearmar til Hardangerfjorden. Nordvestre delen avHardangervidda, med mellom anna Finse, ligg i heradet.
Frå Bruravik i Ulvik kommune går det bilferje til Brimnes i Ullensvang. Bergensbanen går gjennom kommunen i nord, med stopp på Finse.
Kjelde: Wikipedia