Hordaland fylkeskommune oppretta i 2015 tre etablerarfond. Hardanger er eit av dei.
I 2015 fekk Hardanger 286.000 kroner.
I 2016 er summen dobbla og Hardanger får no 584 000 kroner!
I 2017 får me også 584 000 kroner til Hardanger !
I 2018 får me totalt fått 783. 000 kroner til Hardanger!
I 2019 har Hardanger fått tildelt 500.000 kroner
Vestland fylkeskommune vidarefører suksessen!
I 2020 frå Hardanger 500.000 kroner.
Hardangerrådet iks er sett til å forvalta desse midlane.
KORLEIS KAN DU SØKJA?
Alle søknadane må sendast digitalt inn på
www.regionalforvaltning.no,. Der finn du Regionalt Eablerarfond Hardanger som er vår portal.
Lurar du på noko så er vår kontaktperson i Hardanger er Trude Lægreid Rinaldo, konsulent i Hardangerrådet iks. Ho kan nås på telefon 48954550 eller mail
trude.rinaldo@hardangerraadet.no
Du kan også ta kontakt med
etablerarrettleiaren i kommunen din.
KRAV TIL SØKNADEN OG PRIORITERINGSKRITERIAR
Vestland fylkeskommune stiller eit generelt krav at midlane skal nyttast i tråd med
Handlingsprogram 2020 for innovasjon og næringsutvikling i Vestland
Vidare må søknaden tilfredsstilla nokre krav kor dei viktigaste er:
1. Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.
2. Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder som er etablert det året det vert søkt om midlar om.
3. Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden» Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.
4. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.
Forvaltninga og verkemiddelbruken skal vera i tråd med «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar av 1. januar 2014». For regionale etablerarfond betyr dette at det kan gjevast tilskot til enkeltbedrifter og etablerarar. Midlane kan ikkje brukast til:
a) Drift av næringsverksemd eller organisasjonar (t.d. varelager, husleige, marknadsføring m.m)
b) Kausjon eller annen økonomisk garanti
c) Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
d) Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
Regionråda som forvaltarar etablerarfondet kan bruka inntil fem prosent av midlane som vert forvalta, til å dekke administrasjons- og gjennomføringskostnader.
SLIK SØKJER DU
Søknadar skal sendast inn elektronisk på
www.regionalforvaltningen.no.
I søknaden vil det mellom anna bli bedt om følgjande opplysningar:
- Ein omtale av tiltaket det søkast om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
- Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
- Forventa resultat.
- Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
- Søknadssum.
- Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.
- Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om verksemda har søkt om, eller mottatt, offentlig støtte frå andre verkemiddelaktørar, inkludert spesifikasjon av bagatellmessig støtte.
- Tilskotsforvaltar kan be om opplysningar utover dette i eige skjema som skal leggjast ved søknaden
Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levera ei kort rapport med dokumentasjon på kostnadene. Kostnader med eige arbeid kan utgiftsførast. I den samanheng vert eigar og ektefelle sin arbeidsinnsats godkjent med maksimalt 350 kr/t. Dokumentasjon med timelister.
INGEN SØKNADSFRIST.
Søknadane vert handsama fortløpande. Vurderinga av søknadane vert gjort administrativt, og det vert lagt opp til rask sakshandsaming. Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsagn/avslag.
KVEN KAN SØKJE
Etablerarar i Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.