Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden, og administrasjonssenteret er tettstaden med det same namnet. Eidfjord vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. I 1964 vart kommunen slegen saman med Ullensvang herad. I 1977 vart Eidfjord nok ei gong sjøvstendig kommune. Kommunen grensar i nord til Ulvik herad, og i vest til Ullensvang herad. I aust grensar Eidfjord tilHol kommune og Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke.
Kjelde: Wikipedia