Hardangerrådet er ansvarleg for sakshandsaminga av søknadane fram til fondsstyret som består av 7 hardangerordførarar og 2 representantar frå Næringslivet. I 2015 er det ikkje tildelt nye midlar til Regional Næringsutvikling i Hardanger. Fondet er avvikla, men RNH har 1 mill kroner i restmidlar. Regionalt Næringsfond vil i 2015 ha tildeling for siste gong med søknadsfrist 01.09.
Retningsliner.
På bakgrunn av føringar frå stat og fylkeskommune, så har Hardangerrådet ved Hardingtinget vedteke lokal strategi og eigne retningsliner for forvaltninga av RNH. Investeringar i bygg/faste installasjonar og driftstiltak fell utanfor RNH.
Strategisk plan og retningsliner(korrigert 25.4.2013)finn du her, eller du kan kontakt Hardangerrådet på tlf: 53 67 14 50 eller mail:
post@hardangerraadet.no
SØKNADEN
Frå 2013 skal alle søknadane sendast digitalt på www.regionalforvaltning.no.
Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrera deg som organisasjon. Dersom ikkje skal du registrera deg som privat.
Det er viktig å oppgje budsjett og finansiering i ein søknad då RNH kan samordnast med kommunale næringstilskot.
Søknadsfristen er 01.09 med tildeling i siste halvdel av november
Vegutbetring Rv 13 Brattlandsdalen
kr 50 000
Kompetansepakke i Reiselivet
kr 30 000
Lokalmatnettverk
kr 25 000
Etableringsstøtte Næringshagen i H
kr 75 000
Ungt Entreprnørskap
kr 400 000
Terra Madre Hardanger
kr 100 000
Cynamiden klatresenter i Odda
kr 75 000
Vikebygd landskapspark oppfølgjing
kr 25 000
Dyrk Smart III
kr 100 000
Wellguard AS
kr 75 000
Sjøaure Hardanger RHF
kr 25 000
Vandresdestinasjon Hardanger RMH
kr 50 000
Skifer bygningsarven i Hardanger
kr 60 000