Vestland fylkeskommune vidarefører ordninga med regionale etablerarfond.
Hardanger er ein av regionane, og omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.
Midlane skal tildelast som tilskot på inntil kr. 50 000,- og skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase.
Etablerarfondet vert forvalta av Hardangerrådet.
Meir informasjon på
www.hardanger.com
Aktuelle søkjarar
Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning
med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».
Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.
Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.
Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.
Søknadsfrist
Søknader blir handsama fortløpande, og det blir lagt opp til rask sakshandsaming.
Ingen søknadsfrist.
Søknadane skal sendast inn elektronisk gjennom
www.regionalforvaltning.no
For meir informasjon ta kontakt med Hardangerrådet iks
Telefon 53671450
Mail: post@hardangerraadet.no
Kontaktperosn: Trude L. Rinaldo