toppbanner-HR

Regionalt Etablerarfond Hardanger 2017

dolcvidda
Hardanger er tildelt kr 584 000 av Hordaland fylkeskommune til etablering av bedrifter i 2017.

Regionalt Etablerarfond Hardanger 2017 er eit av tre regionale fond i Hordaland. Hardangerregionen omfattar dei 7 kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik.
 
Dette regionale etablerarfondet skal nyttast som eit målretta tilskot på inntil 50.000 kroner til etablering av bedrifter.
Søknader må sendast på www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Regionalt Etablerafond Hardanger 2017.

Søknadane vert handsama fortløpande, og det er lagt opp til rask sakshandsaming.

Ingen søknadsfrist.

Meir informasjon og krav til søknad finn du her, ellr gå inn på www.hardanger.com.

Kontaktperson er:
Trude Lægreid Rinaldo, Konsulent i Hardangerrådet
mail: trude@hardangerraadet.no
tlf: 48954550

Publisert 2017-04-06 08:41