Vil bli ei sterk politisk kraft.
Pressemelding
Vil bli ei sterk politisk kraft
Ordførarar i Hardanger og Sogn møttest i Øystese for å drøfta tettare samarbeid og korleis utvikla Indre Vestland til å bli ein slagkraftig region.
Hardanger og Sogn har mykje til felles og dei tolv ordførarane ser føre seg mange område å samarbeide om. Kraft, industri, reiseliv og rassikring vart trekt fram på felles rådsmøtet. Reiselivet har tett dialog i dag og har lenge samarbeidd på tvers av kommunar og regionar. Moglegheiter for meir samhandling vart løfta fram på møtet.
Kommunane i indre Vestland utgjer Noregs kraftbelte innan fornybar energi. – Vi har rikeleg tilgang med kraft i dei to regionane. Krafta må brukast her ho vert produsert, seier Torgeir Næss, rådsordførar i Hardangerrådet.
Nye strukturar gjer at samarbeid kjem til å spele ei viktigare rolle. Sogn og Hardangar har mykje å henta på å fronta viktige saker i fellesskap. Ved å stå samla vil dei to regionane hevda seg mot sentrale og regionale styresmakter.
- Ordførarane viste eit tydeleg ønske om samarbeid. Det kom mange gode innspel på tema og oppgåver som vi kjem til å jobba konkret med i tida framover, seier Ivar Kvalen, leiar i Sogn regionråd.
For meir informasjon kontakt:
Torgeir Næss, leiar i Hardangerrådet, tornes@kvam.kommune.no, tlf 402 45 840
Ivar Kvalen, leiar i Sogn regionråd, ivar.kvalen@luster.kommune.no, tlf 951 91 829
Bilete: Ordførarar i Hardangerrådet og Sogn regionråd på felles rådsmøte i Øystese. Foto: Hardangerrådet.