Godt Nyttår!
Ved starten av eit nytt år har Hardangerrådet hatt tradisjon for å informera om aktivitet og prosjekt som vi deltek i, inititerer og driv fram.
Desse aktivitetane og prosjekta styrkar utviklinga og mangfaldet i Hardanger. Samstundes er dei med å setja Hardanger "på kartet" og medverkar til å gjera regionen meir attraktiv for alle som bur og arbeider her, samt tilflyttarar og potensielle nye verksemder. For Hardangerrådet står utvikling, vekst og framgang i regionen i fokus. Me ser no positiv utvikling i næringslivet der industrien treng fleire tilsette, landbruket plantar i stor til, havbruket har rekordtider og turistar strøymer på som aldri før. Høgskuleutdanning sikrar kompetanse og Ungt Entreprenørskap gjev born og unge uvurderleg kunnskap.
På bilde frå venstre: Jan Tjosås, Olav Seim, Tone Søgaard, Ranveig Børve, Natalia Golis, Sigrid Brattabø Handegard, Leiv Vambheim, Marie Opheim og Jostein Eitrheim.