Viktige tema var løfta fram og diskutert:
- Samferdsel i distriktet må prioriterast, og andelen til rassikring må aukast.
- Krafta må vidareforedlast der ho vert produsert. Me har kompetanse, forbrukspunkt, kaiar og plass.
- Norge har internasjonalt ansvar for villreinen og må setja seg i førarseta for forsking og kunnskapsbygging, som må brukast saman med lokal medverknad før aksjon
- Reiselivet står i limbo og treng forutsigbare og gode rammer. Dei ber om forlenging av rammer for lån og forlenging av momsreduksjon for å overleva.