Hardanger Ungdomsråd skal ha UNGDOMSTING 12.10.2015 i Eidfjord. Her er alle rådsmedlemmer i alle dei 7 ungdomsråda i Hardanger invitert. Sist gong samla me nær 40 ungdommar i Odda.
Distriktssenteret vil fortelje om betydinga av unges innspel i arbeidet med kommunereforma. Det er viktig at ungdomen sine tankar og draumar for framtida vert høyrt. Distriktssenteret vil vise eksemplar på korleis unge vert involvert i arbeidet med kommunereforma andre stader i landet. Det vil deretter vere ein verkstad kor det vert lagt opp til diskusjon om moglegheiter, utfordringar og ønskjer for framtida. Dette er relevant knytt til prosessane i kommunereforma og plan- og utviklingsarbeidet i regionen.
Innkalling Hardanger Ungdomstiing 12.10.2015 i Eidfjord (pdf)