Statsekretær for justis- og beredskapsministeren John-Erik Vika (Sp) vitja Hardanger rettstad på Lofthus saman med ordførarane i Hardangerrådet og ordførar på Voss. (Samnanger var invitert men hadde ikkje anleding.)
Statsekretæren kom for å dela den gode nyheita om at Hardanger tingrett vert gjenoppretta.
Det er faktisk ei nyskaping, for Hardanger tingrett vert utvida med 2 kommunar. No gjeld Hardanger tingrett for Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss, og representerar ca 40 000 innbyggjarar.
Dette betyr mykje for folk og regionen vår.
Mange skal takkast, og eit langsiktig arbeid med å få dette til er no slutt med eit fantastisk resultat.