Hardanger Ungdomsråd i Eidfjord

DEMOKRATI-PROSJEKTET

Hardanger ungdomsråd (HU) har sidan mai 2012 arbeida med eit demokratiprosjekt. HU har fått stønad frå Aktiv Ungdom, som er EUs ungdomsprogram for ikkje-formell læring, for å gjennomføra eit demokratiprosjekt med ungdom i Greve i Italia.
Demokratiprosjektet
I Greve manglar dei ungdomspolitikarar, noko som det finns mange av i Hardanger og Noreg. Utifrå dette konstaterte vart ideen fødd om å starta eit demokratiprosjekt mellom Hardanger og Greve. Bakgrunnen for at prosjektet vert gjennomført med akkurat Greve, er at Hardangerrådet har knytt band med denne vetle byen i Toscana.

Deltakarane i prosjektet er HU, RadioChianti og Comune di Greve in Chianti. RadioChianti er ein radiostasjon for ungdomar i Greve, og Comune di Greve in Chianti er det italienske mot
stykket til kommune. Målet for prosjektet er todelt, der det konkrete målet er at Greve skal byggja sitt eige ungdomsråd. Det andre målet handlar at deltakarane skal bli aktive medborgarar og diskutera spørsmål om demokrati. Den andre delen av demokratiprosjektet inneber at dei ungdomane som rådet vart kjent med i Italia, skal komma til Hardanger 17.-22. juni 2013.
 

Last ned