Sider frå Hardanger utviklar seg meir og meir, og ambisjonane er store. Dette forskings- og utviklingsprosjektet kan verta eit viktig bidrag når me i Hardanger tek mål av oss å verta internasjonalt kjende for sideren vår. Prosjektet er finansiert av Norway grants
Her er pressemeldinga sendt ut frå Norge. Hardangerrådet er med for å bidra til felles utvikling i Hardanger, men også i våre partnars regionar. Lokale produkt, som sider og vin, kan bidra til viktig utvikling av distriktskommunar, ei utfording dei fleste land har. Reiselivet i Hardanger er komne langt med å nytta sider som aktivitet og tiltrekningskraft, noko våre partnerar vil læra av oss. Det å læra av kvarandre er viktig og prioritert i desse prosjekta.
Frå Norge er forskningsinstitusjonane NIBIO Ullensvang og NOFIMA partnarar, samt Hardanger Siderprodusentlag og Hardangerrådet.
Våre internasjonale partnerar er:
Univiversity of Nova Gorcia, Municipality of Ajdovščina, Polytechnic in Požega,
Public Institution Local Developmenta Agency Požega, Tikveš Winery