toppbanner-HR

Etablerarfond 2018

15056754 366398850411144 6168424501437530112 n
Hardanger har fått kr 438 000 til nye etablerarar i regionen. Hurra!
Her er oversikt på kven som har fått stønad i 2015,2016 og 2017.

Prinsippet er fyrste mann til mølla.
Bilde: frå Gjerde Felemakeri, som fekk stønad i 2017

Hardanger er tildelt kr 438 000 av Hordaland fylkeskommune til etablering av bedrifter i 2018. Regionalt Etablerarfond Hardanger 2018 er eit av tre regionale fond i Hordaland. Hardangerregionen omfattar dei 7 kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik.
Dette regionale etablerarfondet skal nyttast som eit målretta tilskot på inntil 50.000 kroner til etablering av bedrifter.
Søknader må sendast på www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Regionalt Etablerafond Hardanger 2018.

Søknadane vert handsama fortløpande, og det er lagt opp til rask sakshandsaming. Ingen søknadsfrist.

Meir informasjon og krav til søknad finn du her, eller gå inn på www.hardanger.com. Kontaktperson er: Trude Lægreid Rinaldo, Konsulent i Hardangerrådet mail: trude.rinaldo@hardangerraadet.no tlf: 48954550

Publisert 2018-03-20 12:30