LÆRE HEILE LIVET
For å får jobb eller halda på jobben i framtida trengs det ulike tilbud for å få rett kompetanse, og alle må vera budde på å læra nye ting heile livet.
Desse tilbuda kan vera omskulering, kompetanseheving, nye utdanningar eller blanding av desse.
Slike tilbud om utdanning og kompetanseheving vil også kunna dempa på den store krisa pandemien har skapt mange stader, og særleg fordi det er dei med lågast utdanning som er hardast ramma og har høgast risiko for å mista jobben.
KORLEIS SKAL ME ARBEIDA I PROSJEKTET?
Det skal arrangerast 4 workshops som tek føre seg ulike utfordringar i arbeidet med å tetta kompetansegapet og har fokus på å læra av kvarandre.
Desse skal arrangerast 4 ulike stader, og kvart seminar skal: belysa ei tema; ha studiebesøk ; invitera med seg aktuelle lokale representantar.
Hardanger og Vestland skal ha Workshop Vestland hausten 2022 med tema - “Kompetansesamarbeid i Vestland.
Her skal me ta opp bygging av REGIONALT ØKOSYSTEM FOR KOMPETANSEBEHOV og kven som bør vera ein del av det.